page view image

Vandreturné #3 - Wetterhus, Nore

Jørn Hilme og læresveinane.

Konsert med Sivert Holmen, Thov Wetterhus og Sjur Wetterhus på garden Wetterhus. Konserten er ein del av vandreturnéen "På sporet av Hilme og Lurås".

Information
event image

Vandreturné #3 - Wetterhus, Nore

Jørn Hilme og læresveinane. 

Jørn Hilme hadde nokre viktige læresveinar, og spelet hans levde vidare gjennom dei som lærte hjå han – i tillegg dukkar det opp Hilme låttar hist og her, også i Numedal. På denne konserten får de høyre Hilme-låttar frå kjelder så tett på Hilme som ein kjem – via transkripsjonar av utøvarar som Andreas Hauge og Ulrik i Jensestogun er vegen relativt kort attende til Hilme, korleis ser Hilme-spelet ut gjennom dette perspektivet?

Munnharpevirtuos Thov Wetterhus opnar opp dørene for konsert på Wetterhus og det er ei sann glede å ha med både Thov og sonen Sjur som kortreiste gjesteartistar på konserten. 

I år er det også 240 år sidan Pål Løyntnansdreng vart fødd, ein utøvar som også levde samtidig med HIlme – kanskje dukkar det opp Pålslåttar på konserten også?  

Vaksne:  200,-  Ungdom(12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis. 

Konserten er støtta av Kulturrådet 

hardingfele folk folkemusikk munnharpe

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre konserten blir avlyst.