I Krøsshaugens fotefar: St. Thomaskyrkja på Filefjell

I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Sundag 15. juni 20.00 blir det konsert i St. Thomaskyrkja på Filefjell.

page view image
Evenemangsdatum

söndag 15 jun 2025 20:00

avslutas söndag 15 jun 2025 21:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Barn (0-12)
ticket item
Ungdom / Student (12-30)
ticket item
Voksen
event image

Evenemangsinformation

Sundag 15. juni 20.00 blir det konsert i St. Thomaskyrkja på Filefjell. Lars M. Krøsshaug er opphavmannen til St.Thomasklukkelåtten for hardingfele og opplevde sjølv rivinga av den historiske stavkyrkja. Konserten vil bestå av låttar etter Krøsshaugen og improvisasjonar inspirert av vandringa frå Øye til Kyrkjestølane. Gjestartist: Silje Risdal Liahagen.

Silje Risdal Lihagen er vokalist og dansar, med i den kritikarroste vokaltrioen Hekate, Kvedarkvintetten og dansekompaniet Mamelukk. Ho har vore dagleg leiar i Folkemusikkveka, men er no endeleg, til manges glede, fulltidsmusikar med spenn frå impro til musikal. Utdanna ved Bårdar akademiet.

Billettar kjøpast her: TBA

I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobbafor to hundreår sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring

Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.

EN

On Sunday, June 15th at 8:00 PM, there will be a concert at St. Thomas Church on Filefjell. Lars M. Krøsshaug is the creator of St. Thomasklukkelåtten for Hardanger fiddle and lived the same time as the demolition of this historic stave church. The concert will feature tunes by Krøsshaugen and improvisations inspired by the walk from Øye to Kyrkjestølane. Guest artist: Silje Risdal Liahagen.

Silje Risdal Liahagen is a vocalist and dancer, part of the critically acclaimed vocal trio Hekate, the Kvedarkvintetten, and the dance company Mamelukk. She has been the managing director of Folkemusikkveka but is now, to the delight of many, a full-time musician with a range from improvisation to musicals. She is educated at Bårdar Academy.

Tickets can be purchased here: TBA

More about the project:

This year marks the 240th anniversary of the birth of fiddler Lars M. Krøsshaug (1785-1830), and in June, Sivert Holmen will pack his fiddle and tent and set out on a one-man tour retracing his footsteps. Krøsshaugen was central to the development of the unique music style lydarlæte, or listening music, at a time when Hardanger fiddle music was primarily used for dance or ceremonies. Over seven days, Sivert will travel the 110 km from Kvamskleiva in Vang, Valdres, along the King's Road over Filefjell to Lærdalsøyri. The journey will be filled with fiddling and philosophical reflections on life. Along the way, various guest artists will also appear. What can we learn from the fiddlers who lived, traveled, and worked two hundred years ago? How do we want to live our lives? What can we discover through listening during our journey?

The project is supported by Norsk kulturfond, kulturrådet and Fond for utøvende kunstnere

Arrangör
Sivert Holmen