page view image

Vandreturne #1 – Lurås

Hilmin og Luråsen: Vandreturnéen startar med konsert på garden Miljom-Luraas med Sivert Holmen og Per Anders Buen Garnås. Tema for konserten på Lurås er lenkja mellom Knut Lurås (1782-1843) og Jørn Hilme (1778-1854). Både Lurås og Hilme blir beskrive som vandrande spelemenn, dei gjekk langt, snappa opp nye låttar og forma sine tradisjonar.

Bli gjerne på vandring frå Lurefoss til Miljom-Luraas før konserten. Vandringa startar 17:30, vel møtt!

Information
event image

Vandreturne #1 – Lurås 

Hilmin og Luråsen

Vandreturnéen på “På sporet av Hilme og Lurås” startar med konsert i tunet på garden Miljom-Luraas. Per Anders Buen Garnås er kveldens gjesteartist. Per Anders er ein unik slåtteformidlar – å høyre han spele er å høyre inn i eit rikhaldig tverrsnitt av kva tradisjonsspel kan vere – med musikalsk oversikt og overskot formidlar han tradisjonelt slåttespel på hardingfele. 

Tema for konserten på Lurås er lenkja mellom Knut Lurås (1782-1843) og Jørn Hilme (1778-1854). Både Lurås og Hilme blir beskrive som vandrande spelemenn, dei gjekk langt, snappa opp nye låttar og forma sine tradisjonar. På eit tidspunkt møttest desse to og utveksla slåttar – ein ser fragment av dette møtet gjennom slåttetitlar som “Luråsen”, og gjennom felleslåttar i Tinn og Valdres. Konserten lar seg inspirere av møtet mellom Luråsen og Hilme, og Per Anders Buen Garnås og Sivert Holmen vil formidle låttar og historier knytt til dette.  

Medarrangør er Lure Historielag, og dei held eit miniføredrag på starten av konserten. Det blir servert kaffi og noko å biteti. Konserten er utandørs. 

Konserten markerer også starten på Sivert Holmen sin vandreturné i 2026 – turen startar i Lurås og Holmen går til fots til Fagernes i Nord-Aurdal, ei rute på over 20 mil, med åtte konsertar undervegs. 

Vel møtt til Miljom-Lurås for ein konsert med historisk sus. 

Konserten er 30. juni 20.00. 

Vaksne:  200,-  Ungdom/student: 100,- 

Kjøp gjerne billett på førehand! 

Parkering på Lurheim. Publikum innviterast også til vandring før konserten. Vandringa går frå Lurefoss og opp til Miljom-Lurås. Det blir guiding og musikalske innslag på turen, som vil gå i eit roleg tempo. Oppmøte for tur er 17.30 på Lurestogo (Lurefoss). 

Meld frå om du er avhengig av skyss frå Lurheim til Miljom-Lurås, så ordnar vi dette. Send melding til 900 38 860 eller e-post til sivert.holmen@gmail.com 

Konserten er støtta av Kulturrådet 

hardingfele folk folkemusikk

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre konserten blir avlyst.