Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Laurdag 14. juni 20.00 blir det konsert i Øye Stavkyrkje i Vang i Valdres. Lars M. Krøsshaug gjekk gjennom isen og døyde i Strøndafjorden rett ved Øye Stavkyrkje. Konserten vil bestå av låttar etter Krøsshaugen og improvisasjonar inspirert av vandringa frå Gamle Kvam til Øye.
Billettar kjøpast her: TBA
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobba for to hundreår sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring
Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.
EN
Saturday, June 14th at 8:00 PM, there will be a concert at Øye Stavkyrkje in Vang, Valdres. Lars M. Krøsshaug fell through the ice and died in Strøndafjorden, right by Øye Stavkyrkje.
Tickets can be purchased here: TBA
More about the project:
This year marks the 240th anniversary of the birth of fiddler Lars M. Krøsshaug (1785-1830), and in June, Sivert Holmen will pack his fiddle and tent and set out on a one-man tour retracing his footsteps. Krøsshaugen was central to the development of the unique music style lydarlæte, or listening music, at a time when Hardanger fiddle music was primarily used for dance or ceremonies. Over seven days, Sivert will travel the 110 km from Kvamskleiva in Vang, Valdres, along the King's Road over Filefjell to Lærdalsøyri. The journey will be filled with fiddling and philosophical reflections on life. Along the way, various guest artists will also appear. What can we learn from the fiddlers who lived, traveled, and worked two hundred years ago? How do we want to live our lives? What can we discover through listening during our journey?
The project is supported by Norsk kulturfond, kulturrådet and Fond for utøvende kunstnere