I Krøsshaugens fotefar: Gamle Kvam
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Fredag 13. juni 18.00 blir det konsert på Gamle Kvam i Vang i Valdres

Fredag 13. juni blir det konsert i Gamle Kvam i Vang i Valdres. Konserten er 18.00 og det er mogleg å bli med på vandring med lokal turguide Nils Rogn langs kongevegen frå Hemsing bru til Gamle Kvam, oppmøte 16.00 ved Neset. Servering og konsert i det historiske tunet på Gamle Kvam.
Gjesteartist på konserten er Sigrid Stubsveen (f.1993)
Sigrid er felespeler frå Engerdal som har jobba iherdig for å løfte fram den lokale tradisjonsmusikken frå Engerdal, som i stor grad var gått tapt til Sigrid kom på banen. Starta og er festivalsjef for sin eigen folkemusikk og friluftsfestival i Engerdal, Heme dine. Master frå Norges musikkhøgskole.
Meir om prosjektet:
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobba for to hundreår sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring
Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.
EN
On Friday, June 13th, there will be a concert at Gamle Kvam in Vang, Valdres. The concert starts at 6:00 PM, and there will be an opportunity to join a walk with local tour guide Nils Rogn along the King's Road from Hemsing Bridge to Gamle Kvam. The meeting point is at 4:00 PM at Hemsing Bridge. There will be food and the concert will take place in the historic farm at Gamle Kvam.
Guest artist at the concert: Sigrid Stubsveen (b. 1993)
Sigrid is a fiddler from Engerdal who has worked hard to revive the local traditional music from Engerdal, much of which had been lost until Sigrid became involved. She started and is the festival director for her own folk music and outdoor festival in Engerdal, Heme dine. She holds a Master's degree from the Norwegian Academy of Music.
More about the project:
This year marks the 240th anniversary of the birth of fiddler Lars M. Krøsshaug (1785-1830), and in June, Sivert Holmen will pack his fiddle and tent and set out on a one-man tour retracing his footsteps. Krøsshaugen was central to the development of the unique music style lydarlæte, or listening music, at a time when Hardanger fiddle music was primarily used for dance or ceremonies. Over seven days, Sivert will travel the 110 km from Kvamskleiva in Vang, Valdres, along the King's Road over Filefjell to Lærdalsøyri. The journey will be filled with fiddling and philosophical reflections on life. Along the way, various guest artists will also appear. What can we learn from the fiddlers who lived, traveled, and worked two hundred years ago? How do we want to live our lives? What can we discover through listening during our journey?